Styremøte.
Tirsdag 24. januar kl 1700 blir det styremøte på instituttet i Uggdal.
Gje meg ei melding viss det ikkje passer:)
Elin
Dansk sportponny trenger ny eier :)
Dansk sportponny trenger ny eier. Er du intressert ta kontakt på mobil 95 27 80 47
ÅRSMØTE 2012
Da blir årsmøte i THSL mandag 30 januar. Kl1800
Stad : Mandelhuset i Våge
Innkomne saker til styret sendes til elin.kleppe@haugnett.no innan 23.01-2012
Alle medlemmer i laget er hjertelig velkommen ;
Mvh
Styret v/ Elin Kleppe
Dugnad :)
På søndag 6. november er det dugnad på Rimi
Vi møter kl 0900 utanfor lageret.
Alle MÅ stille som har sagt ja til det.
Og flere vi er til fortere går det:)
Elin
Styremøte :)
Det blir styremøte tirsdag 4.oktober kl 1800 på fysikalske institutt i Uggdal.
Er det nokon det ikkje passer for, kontakt da Elin 99 64 63 97
Treningar tek til etter sommarferien
No er ferien snart slutt. Det positive med det,- er jo det at då er det ikkje lenge til Therese Bragstad startar opp att med dressurtreningane på Myklestad
. Har ikkje heilt avklart kva datoar ho kjem til å vera her utover hausten, men eg skal leggja det inn på sida vår så snart eg veit noko.
Eg jobbar fortsatt med å få sprangtrenar John Harald Magnussen til å ta turen til Tysnes i ny og ne.
Dersom nokon vil ha hjelp på banen (enten med dressur eller sprang), kan dei ta kontakt med :
Kristi: Dressur (Mobilnr. 97 57 10 27) eller Gunnhild Marie Fauske : Sprang (Mobilnr: 99 12 98 24)
Du møter ferdig oppvarma med hesten din og rir åleine med instruksjon ca 30 min. Betaling: 70 kr + 30 kr i baneleige. Når det gjeld sprang, vert det kanskje mest hesiktsmessig å ri i små grupper ein time dersom det er interesse for det.
Dugnadsfest fra Tysnesfest :)
Fredag 12. august blir det dugnadfest for ALLE dei som var på dugnad under Tysnesfest.
Fra kl 1700 for dei under 18, og fra kl 20 for dei over 18.
Påmelding innan 5 august til Elin tlf 99 64 63 97
Mvh Elin
Grønt kort :)
Mandag 8. august kommer Eli til å halda sikkerhetskurs. Tirsdag 9.august kommer Sølvi til å ta seg av rideknappen v. Dei som vil ta denne må stille på ridebanen med egen hest og utstyr. ALLE som har den grønne teoridboka MÅ ta den med seg. Vi har og tenkt at vi skal grille dennne dagen på ridebanen, så ta med grillmat.
Påmelding til Eli innan lørdag 6. august mobilnr 93 26 95 66
Viss da er noesom er uklart, ta da kontakt med Eli
Mvh Elin
Ridekurs for born 13.-14.juli
No er det berre ei veke att til ridekurset tek til! Me i Tysnes Hestesportslag gleder oss til å bli kjent med alle dei 20 borna som har vore heldige å få plass på kurset. (Borna som står på venteliste vil få beskjed om dei får plass, dersom me får fleire avmeldingar. Er de i tvil om barnet dykkar har fått plass, ring Eli!!)
BETALING FOR KURSET : Set inn pengar på kontonr 3525.40.46092
Merk beløpet med BARNETS NAMN, SAMT RIDEKURS 2011
(Ta med kvittering onsdag morgon)
Kurset startar kl 10.00 begge dagar, og varer til ca 15.00. (Når det gjeld levande dyr, er det ikkje så lett å følgja tidsplanen på minuttet!! Me prøver så godt me kan å få avslutta presis!!)
NB! Dei som er med å hjelpa til (leiarar mm) må møta seinast kl 8.30 onsdag morgon. Me må henta hestar frå beite,finna fram utstyr til kvar hest, samt gjennomgå program og sikkerhets-rutinar før borna kjem!!!!! (NB! Leiarar må hugsa gode sko å gå/springa i, så det ikkje vert vonde bein og gnagsår
)
Onsdag er det køyring med ponni/hest, tur-riding, vask/pussing av seletøy og riding på banen som står på programmet. Torsdag vert det voltige-riding/tømmekøyring, riding på banen med små hinder (for dei som vil prøva seg!! ), tur-riding og ein gymkhana (Staffett med hest!) der ulike ferdigheitar kan verta sett på “hard prøve”. Dette vert gøy!! Eg har også laga til ein liten ponni-quiz til begge dagar, så det gjeld å få med seg alt de høyrer om hest medan de er på Myklestad!!
Det er viktig at dei borna som ikkje har ridehjelm ,og må låna det på Myklestad, gjev beskjed om dette til meg før kurs-start. Hugs sko med hæl!!
NB! Alle leiarar tek med ridehjelm som kan lånast ut. Dei eg har avtala med utanom, tek med sine “små”-hjelmar. Hugs å merka alt utstyr som skal brukast på kurset.
Velkommen til kjekke ponni-dagar på Myklestad.
Med beste helsing Eli og resten av Tysnes Hestesportslag.
PS: Er det noko som framleis er uklart, ta kontakt med Eli (Mobil: 93 26 95 66)
Tysdag ettermiddag harvar eg banen. (Ca kl 17.00) Alle som kan, møter opp og hjelper til med å plukka stein frå banen. Me tek også og fyller vatn på beita og siste rydding på området, så alt er klart til å ta imot borna kl 10.00 neste morgon. (Dei fleste av dei som skal køyra opp ponniar, gjer dette tysdag ettermiddag. Før de slepper ponniane på beita, høyr med Eli kva hestar som skal gå saman!!!!)
Dugnad :)
Vi må rydde og slå grasset før vi kan ha ride kurs. Mandag 27 juni kl 1800 møtes vi på ridebanen ALLE som kan.
Ta med rive, kantklipper,osv
Helsing
Elin
